søndag 29. november 2009

Foto, estetikk, oppgittheit med anna.



No har eg fotografert. Ikkje at dette er noko eg er ukjend med, det skjer rett så det er. Ein ser noko skjønt eller interessant ( i det seinaste oftast noko ein av ungane gjer), tek sitt trufaste kamera og fyrer laus. Om motivet kjem innanfor skjermen, er eg happy med resultatet. Når eg no då skal sjå på hovudmotiv, gyldne snitt kontra sentrering, kvadrering kontra landskap, må eg trekkje på ressursar og estetiske vurderingsverktøy eg ganske riktig trudde eg ikkje hadde. 

Eg har teke bilete av min kjære ven kaffikanna, som har hjulpe meg gjennom mang ein hard periode med oppgåver og retting. Ho heiter Eva Solo, og har samtykka til å verte avbilda.

Her har me ho trygt plassert (omtrent) midt i ruta:


Ok. Midt i ruta, midt i synet. Ingen lurer på kva som er hovudmotiv. Litt guddommeleg ljos inn frå høgre der.Eit bastant og traust bilete.



Her har eg, med Euklid og det gyldne snitt friskt i tankane, flytta Eva litt ut mot høgre kant. Dette gjev biletet meir luft, kan hende motivet og blir meir interessant fordi du ikkje får det trykt opp i andletet på same måte som når det var midtstilt. Elles synest eg risbehaldaren til venstre kjem betre fram, uvisst kvifor.



Når eg no har vorte meir kvadratisk i stilen,vert hovudmotivet endå meir framtredande enn i det fyrste biletet. Dette er heilt klart eit bilete av ei kaffikanne, og berre det.


Her er eg både kvadratisk og prøver å nærme meg det gyldne snitt. Samstundes. Dette medfører at risboksen har fått ein viktig funksjon i biletet. Tykkjer like vel han harmonerer med hovudmotivet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar