søndag 29. november 2009
Ein ven av meg har eit problem...
I dette innlegget vil eg synse litt om kvifor opphavsrett og piratkopiering har blitt so problematisk. Eg vil gjerne ta utgangspunkt i ein ven av meg, som her er anonymisert for å unngå å blamerast. Han er musikklærar i ungdomskulen, og er gamal nok til å ha opplevd både kopiering frå lp til kassett til annan kassett og vhs-kopiering frå maskin til maskin. I tillegg kunne han etter kvart kopiere spel og program for commodore 64 mellom kassettar og diskettar. Felles for desse måtane å kopiere på var at kopien var ei tydeleg forringa utgåve av originalen, i det siste dømet var det til og med sjeldan at programmet faktisk fungerte meir enn kvar hundrade gong du lada det inn. I denne verda var piratkopiering til stades, men ikkje sett på som noko samfunnsproblem. Når digitale medier kom, vart det mogleg å produsere heilt identiske kopiar, dette grunna digitalitetens måte å lagre informasjon på, nemleg i lekkjer med einarar og nullar, på og av. Slike rekker kunne lagrast på nye, store harddiskar, som etter kvart kunne innehalde mange filer med høg kvalitet. I tillegg fekk ein via internett ein enkel distribusjonsmåte for denne typen filer. For gamle kassettentusiastar som meg, ...eh... eg meiner venen min, vart freistinga greitt for stor, og han hadde fort harddiskar fulle av nedlasta musikk frå ymse kjelder. Då han for omtrent ti år sidan entra skuleverket, var det den naturlegaste ting i verda for han å nytte desse filene i undervisninga, med utbrenning av lyttepensum og forskjellig. Etter dette har det skjedd mykje bevisstgjering, både hjå han og i samfunnet elles, og dei fleste vaksne har nok eit meir nyansert og kritisk syn på fildeling enn før. For ungdomen er eg derimot usikker, sjølv om tenester der ein kan spele/laste ned lisensiert musikk (itunes, spotify)nok har ført til sterk reduksjon i piratverksemda.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar