mandag 26. april 2010

Musikkwiki

Har nett utfordra informasjonskompetansen til ei av musikklassane mine. Me har ei lang liste med omgrep som skal lærast inn ved sida av musiseringa. Før om åra har eg stått og messa og mast om desse, denne gongen lagar me wiki på wikispaces. Sidan det berre er ukontroversielle enkeltomgrep som skal definerast, har eg ikkje avgrensa søka til elevane eller gjeve dei noko å gå etter. Dei skal opprette side for kvart sitt omgrep og deretter hjelpe kvarandre med å utvikle skikkelege definisjonar. Har aldri gjort noko slikt før og er spent på korleis dette vil utvikle seg. Gav oppgåva i dag, ser at to elevar allereie har vore innpå. Om nokon andre vil fylgje med, ligg wikien her.
Då eg arbeider i eit ganske homogent område reint sosialt sett, er det mest kjønnsskilnader i PC-bruk eg har kunna observere. Alltid artig når forskinga er einig med ein sjølv... Dei fleste gutane i åttandeklassa mi bruker for tida alle ledige stunder på Call of Duty, eit krigsspel der ein samler seg i klaner og speler over nett mot andre klaner. Dette er jo som klypt ut av leksjonen om digital plattform. Jentene i klassa nyttar Facebook, men ut over det går det mest i skulearbeid på PC. Dette breie empiriske materialet har eg utvunne utelukkande ved å prate med elevane i lunsjen, kan hende eg skulle satsa på forsking eg og?

Tilpassa, men for kven?

Tilpassing av opplæring gjennom IKT-bruk er veldig i vinden, og stort sett fungerer dette godt. Det som har slått meg er at me moglegvis er i ferd med å få ei ny lærevanske. Etter kvart som IKT vert enklare å bruke vert forventingane til kva elevane skal produsere større, og eg har sett eit par døme på elevar som ikkje klarar å tileigne seg digital kompetanse i særleg grad, utan at dei har andre vanskar som kan forklare dette. Mellom anna ein elev som har fått fritak for alle itslearning-innleveringar, og kun leverer handskrive på papir. Denne eleven har altso i løpet av fleire år (i alle fall tre sidan han byrja nytte itslearning) klart å unngå å tileigne seg sjølv dei enklaste funksjonane. Anar me at me snart kjem til å diagnostisere dysdigitali i den norske skulen?

Tenkeverktøy


Jeg har nylig prøvd freemind som repetisjonsverktøy om den industrielle revolusjon i åttende klasse. Vi har laget et hierarkisk tankekart. Dette er så langt vi kom på en time. Dette verktøyet interesserer meg, men har ikke brukt det nok til å felle noen endelig dom. Uansett flott å kunne lage tankekart uten å bekymre seg for rot i layout og riktige farger på nivåene.


Tenkte eg skulle skryte av eit verktøy som eg har skrytt av før. Verktøyet heiter jamstudio, og er nettbasert. Det gjev høve til å skrive din eigen musikk, som høyrest ganske bra ut sjølv om du har lite peiling frå før. Det fungerer slik at du plottar akkordar inn i eit skjema, legg til dei instrumenta og stilane du vil ha med og trykker play, og der speler det. Det skil seg frå ein del andre musikksnekringsprogram ved at det lagar skikkelege låtar (i alle fall skikkelege komp), og du kan strukturere og vise både formkunnskap og enkel akkordlære, noko som er vanskeleg i ein del sokalla komponeringsverktøy me har fått i fanget opp igjennom tida. Vidare kan du, om du søkjer om eit sokalla Educational Grant, gratis mikse ned songen din til mp3, importere denne til audacity og leggje på enten song, rap, ei solostemme på instrument eller anna. For min musikklærarkollega og meg sjølv har Jamstudio vorte uunnværleg i komposisjonsemnet på ungdomstrinnet. Her ligg eit døme på kva du kan få til, her er linken til sida og her er ein instruksjonsvideo. Løp og kjøp!

mandag 15. februar 2010

Det er fleire pedagogiske vekslar som kan trekkjast på sosiale nettstader. I og
med at ein svært stor andel av elevane allereie er medlem forskjellige stader
og er inne i tankegangen, vil det kan hende til og med vere motiverande å
arbeide på denne måten.

Ein del nettstader tilbyr gratis verktøy for produksjon av diverse innhald. Eitgodt døme er www.jamstudio.com der elevane kan lage musikk i denbrowserbaserte programvaren og dele med andre brukarar. Denne typenapplikasjonar er no veldig enkle å bruke, og kan gje auka læring for ein billegpenge (gratis, det er billeg det). Sosial web er og nyttig for elevvurdering, då dei fleste slike tenester harmoglegheiter for kommentarar og diskusjonar. Youtube er eit godt døme på dette, her vert det meste av innhald kommentert i klåre ordelag. Dette kan sjølvsagt vere hardt for ein del, men å lære at nettet er ein stad med andre krav til saklegheit kan jo vere ein god ting, samstundes som ein kan vise kor viktig det er sjølv å opptre høveleg.

Slik som nettstaden del og bruk viser oss, kan og sosiale nettstader verte nyttige ressurssamlingar for folk i ulike yrke, her pedagogar.


Hovudproblemet, eller utfordringa, som me pedagogar likar å kalle det, meddenne typen tenester er personvernet. Lista er låg for å leggje ut personleginformasjon, få tenkjer på at dette blir liggjande på ubestemt tid. Kva born ogunge kan verte utsette for om folk finn ut for mykje om dei er det skrive mykjeom. Mobbing over nett er eit problem, frå vår skule kan me jo nemne haustens«Kick Ginger» (spark ein raudhåra)-dag, som var eit verdsomspennandepåfunn spreidd via Facebook. Sosial web gjev også mobbarar og dårlege idearei røyst. Denne aksjonen hadde me heldigvis høyrt om tidleg, og kunne gåhardt ut med ein gong, slå ned på småtteriet slik at det aldri utarta.
Andreskular var ikkje like heldige.