mandag 30. november 2009

Musikkproduksjon, mykje moro, nokre etiske problem

For nokre år sidan gjorde eg eit musikkvideoprosjekt i ei 8.klasse. Me fann fram ein gamal slager, Wilson Pickett si låt "Mustang Sally", spelte inn band på eit eige spor, og la på vokalist. Delar av klassa laga ein dans og planla klede/estetikk. Ein kar med særskilt interesse for slikt filma og redigerte saman det endelege resultatet.

Klassa var skjønt einige om at resultatet var godt. Når dei so byrjer å snakke om å leggje filmen ut på youtube, har eg som lærar eit dilemma: Fyrst etisk: Sjølv om filmen ikkje er blamerande for nokon, er det jo elevar det er snakk om, alat som kjem på nett har ein tendens til å bli verande der osb. Reint praktisk, derimot, hadde eg knapt høve til å hindre nokon å leggje det ut, då videoredigeraren var elev, og alle i klassa hadde eigne kopiar. Det eg gjorde var å ta ein runde på at alle som viser på filmen måtte vere einige, ellers kunne me ikkje leggje ut noko som helst. Filmen ligg på youtube, etikken er tvilsom, men resultatet er bra, prosessen skapte godt samhald, og klassa er stolte av det.

søndag 29. november 2009

Her har eg skrive litt om plagiat: http://ragnhildo.blogspot.com/2009/10/plagiat-eller-kontroll.html?showComment=1258803419192#c1731378295041022124

Foto, estetikk, oppgittheit med anna.



No har eg fotografert. Ikkje at dette er noko eg er ukjend med, det skjer rett så det er. Ein ser noko skjønt eller interessant ( i det seinaste oftast noko ein av ungane gjer), tek sitt trufaste kamera og fyrer laus. Om motivet kjem innanfor skjermen, er eg happy med resultatet. Når eg no då skal sjå på hovudmotiv, gyldne snitt kontra sentrering, kvadrering kontra landskap, må eg trekkje på ressursar og estetiske vurderingsverktøy eg ganske riktig trudde eg ikkje hadde. 

Eg har teke bilete av min kjære ven kaffikanna, som har hjulpe meg gjennom mang ein hard periode med oppgåver og retting. Ho heiter Eva Solo, og har samtykka til å verte avbilda.

Her har me ho trygt plassert (omtrent) midt i ruta:


Ok. Midt i ruta, midt i synet. Ingen lurer på kva som er hovudmotiv. Litt guddommeleg ljos inn frå høgre der.Eit bastant og traust bilete.



Her har eg, med Euklid og det gyldne snitt friskt i tankane, flytta Eva litt ut mot høgre kant. Dette gjev biletet meir luft, kan hende motivet og blir meir interessant fordi du ikkje får det trykt opp i andletet på same måte som når det var midtstilt. Elles synest eg risbehaldaren til venstre kjem betre fram, uvisst kvifor.



Når eg no har vorte meir kvadratisk i stilen,vert hovudmotivet endå meir framtredande enn i det fyrste biletet. Dette er heilt klart eit bilete av ei kaffikanne, og berre det.


Her er eg både kvadratisk og prøver å nærme meg det gyldne snitt. Samstundes. Dette medfører at risboksen har fått ein viktig funksjon i biletet. Tykkjer like vel han harmonerer med hovudmotivet.

Ein ven av meg har eit problem...

I dette innlegget vil eg synse litt om kvifor opphavsrett og piratkopiering har blitt so problematisk. Eg vil gjerne ta utgangspunkt i ein ven av meg, som her er anonymisert for å unngå å blamerast. Han er musikklærar i ungdomskulen, og er gamal nok til å ha opplevd både kopiering frå lp til kassett til annan kassett og vhs-kopiering frå maskin til maskin. I tillegg kunne han etter kvart kopiere spel og program for commodore 64 mellom kassettar og diskettar. Felles for desse måtane å kopiere på var at kopien var ei tydeleg forringa utgåve av originalen, i det siste dømet var det til og med sjeldan at programmet faktisk fungerte meir enn kvar hundrade gong du lada det inn. I denne verda var piratkopiering til stades, men ikkje sett på som noko samfunnsproblem. Når digitale medier kom, vart det mogleg å produsere heilt identiske kopiar, dette grunna digitalitetens måte å lagre informasjon på, nemleg i lekkjer med einarar og nullar, på og av. Slike rekker kunne lagrast på nye, store harddiskar, som etter kvart kunne innehalde mange filer med høg kvalitet. I tillegg fekk ein via internett ein enkel distribusjonsmåte for denne typen filer. For gamle kassettentusiastar som meg, ...eh... eg meiner venen min, vart freistinga greitt for stor, og han hadde fort harddiskar fulle av nedlasta musikk frå ymse kjelder. Då han for omtrent ti år sidan entra skuleverket, var det den naturlegaste ting i verda for han å nytte desse filene i undervisninga, med utbrenning av lyttepensum og forskjellig. Etter dette har det skjedd mykje bevisstgjering, både hjå han og i samfunnet elles, og dei fleste vaksne har nok eit meir nyansert og kritisk syn på fildeling enn før. For ungdomen er eg derimot usikker, sjølv om tenester der ein kan spele/laste ned lisensiert musikk (itunes, spotify)nok har ført til sterk reduksjon i piratverksemda.

mandag 23. november 2009

Regneark

http://mariannesstudieblogg.blogspot.com/2009/11/excel-kan-formes-til-akkurat-det-du-vil.html?showComment=1258817207054#c4936897619678704106

Her har eg skrive litt om rekneark.

mandag 28. september 2009

Tenkespørsmål: Hvordan bruke et WAN?

I Bergen kommune er hele PC-parken koblet sammen via wan, eller rettere sagt i flere separate sådanne. Ansatte i alle enheter kobler seg på administrasjonsnettet, der man har forskjellig tilgang til fellesressurser ut fra stilling/ansettelsesforhold. Jeg som lærer kan derfor gå inn og se min egen skoles planer, maler, spesialpedagogiske opplegg med mer, men jeg kan ikke se lignende ressurser på for eksempel et sykehjems område. Som lærer har jeg også brukerkonto på Elevnettet.

På skolene i Bergen har vi ingen "frittstående" PC-er, alle maskiner logges på et nettverk ved oppstart. Elevmaskinene logges på et eget nettverk, Elevnettet. Akkurat som de ansatte har hver elev egen brukerkonto her. På dette nettverket har elevene begrenset tilgang, de kan kun lagre noen få megabyte på sitt "mine dokumenter"-område, alle program de måtte installere blir slettet ved neste pålogging. Videre siler kommunen hvilke nettsider som kan vises på deres nett. Dette kan selvfølgelig slå uheldig ut. Da jeg skulle oppgradere drivere på noen kamera vi hadde, der firmanavnet inneholder ordet "blue", ble jeg høflig, men bestemt opplyst om at Bergen Kommune ikke tillot tilgang til den slags griseri. En telefon til IT-avdelingen ordnet heldigvis den saken.