med at ein svært stor andel av elevane allereie er medlem forskjellige stader
og er inne i tankegangen, vil det kan hende til og med vere motiverande å
arbeide på denne måten.
Ein del nettstader tilbyr gratis verktøy for produksjon av diverse innhald. Eitgodt døme er www.jamstudio.com der elevane kan lage musikk i denbrowserbaserte programvaren og dele med andre brukarar. Denne typenapplikasjonar er no veldig enkle å bruke, og kan gje auka læring for ein billegpenge (gratis, det er billeg det). Sosial web er og nyttig for elevvurdering, då dei fleste slike tenester harmoglegheiter for kommentarar og diskusjonar. Youtube er eit godt døme på dette, her vert det meste av innhald kommentert i klåre ordelag. Dette kan sjølvsagt vere hardt for ein del, men å lære at nettet er ein stad med andre krav til saklegheit kan jo vere ein god ting, samstundes som ein kan vise kor viktig det er sjølv å opptre høveleg.
Slik som nettstaden del og bruk viser oss, kan og sosiale nettstader verte nyttige ressurssamlingar for folk i ulike yrke, her pedagogar.
Hovudproblemet, eller utfordringa, som me pedagogar likar å kalle det, meddenne typen tenester er personvernet. Lista er låg for å leggje ut personleginformasjon, få tenkjer på at dette blir liggjande på ubestemt tid. Kva born ogunge kan verte utsette for om folk finn ut for mykje om dei er det skrive mykjeom. Mobbing over nett er eit problem, frå vår skule kan me jo nemne haustens«Kick Ginger» (spark ein raudhåra)-dag, som var eit verdsomspennandepåfunn spreidd via Facebook. Sosial web gjev også mobbarar og dårlege idearei røyst. Denne aksjonen hadde me heldigvis høyrt om tidleg, og kunne gåhardt ut med ein gong, slå ned på småtteriet slik at det aldri utarta. Andreskular var ikkje like heldige.